Langsiktig utstyrsavtale

Sogndal FK Damer er svært nøgde med å ha inngått ein langsiktig utstyrsavtale med Intersport (Sogndal) og Scantrade (Umbroleverandør).

Avtalen er 5-årig, og gjev klubben tilgang til topp utstyr (Umbro) på ein svært god og fleksibel måte gjennom samarbeidet med Intersport.

Bruk av app og nettbutikk gjev klubben og medlemmene god oversikt og tilgang, samtidig som den gode servicen hos Intersport er svært viktig.

Avtalen er koordinert og samordna med SIL Fotball, slik at heile fotballmiljøet vil dra nytte av dette.

Sogndal FK Damer er stolte over at Umbro som ei sterk merkevare ser verdi av eit langsiktig samarbeide med klubben, og at Intersport støtter opp om satsinga på jente og damefotballen på ein slik flott måte.

Stig Nord (Intersport Sogndal), Torgeir Strypet (Sogndal FK Damer), Terje Teigen (Sogndal Fotball) og Harald Lundekvam (Scantrade)

Gasta Design