Marthe Gjerde Stølen klar for Sogndal FK Damer

Me ønskjer Marthe Gjerde Stølen, f. 1997, velkommen til Sogndal FK Damer.

 

Marthe har dei siste åra vokta buret for 3.divisjonslaget til Førde. Jenta frå Lærdal var også i ungdomsåra innom Kaupanger og har også kampar på J16 landslaget. No er det ei stund sidan Marthe var 16 år, så med sine 28 år kjem den solide keeperen inn og tilfører rutine i gruppa vår. Ho har i vinter hospitert i kampar og på treningsleir, så ho er allereie godt kjend med spelargruppa og trenarteam.

 

I første omgang er det snakk om eit lån ut vårsesongen. Me takkar Førde for ein god og smidig prosess rundt overgangen.

 

Velkommen til oss, Marthe!   

Sebastian Kaldestad