Årsmøte/infomøte tysdag 29. mars
Det vert med dette kalla inn til kombinert årsmøte og infomøte i Sogndal Fotballklubb Damer tysdag 29.mars klokka 19:00.
Møtet vert halde i auditorium i Svingen på Fosshaugane Campus og er ope for alle. Merk at kun medlemmer har røysterett.
Klubben har vore i drift sidan 01.01.22 og eksisterande styre er valt for inneverande år (Skipingsmøte 08.09.21). Det vert såleis ikkje noko ordinært årsmøte, men eit møte med nokre vedtakssaker kombinert med informasjon om status i klubben.
Program/sakliste
Årsmøtesaker
godkjenning av dei som har røysterrett
velje dirigent
velje protokollførar
godkjenning av innkalling
godkjenning av sakliste
orientering frå kontrollutvalet
status klubb ved styreleiar Torgeir Strypet
sportsleg modell og status a-lag ved dagleg-/sportsleg leiar Sebastian Kaldestad
vedta budsjett
handsame melding frå valkomite og godkjenne tidsperiodisering for verva til styremedlemmene (valgt inn på skipingsmøte)
Vel møtt!
Styret