100 deltakarar - Jente- og damefotball i fokus
Sogndal FK Damer samla ein stor flokk med spelarar og trenarar/leiarar frå heile Sogn og Fjordane då seminaret starta på Fosshaugane Campus i dag. “Jentefotballens helg” fekk ein pangstart med trening for jentespelarar i alderen 13-15 år der trenarar frå klubben og fotballkretsen bidrog. Innomhus heldt Roger Finjord eit gripande foredrag om sider ved fotballen som ikkje alltid er så mykje i fokus. Finjord med bakgrunn blant anna frå A-landslaget for damer og toppklubben Stabæk, snakka med innleving om relasjonar og det spesielle ved å prestera som lag.
kva som gjer at eit fotballag fungerer
å vera gode saman
å ha tru på det me gjer
at nokon har tru på deg
følelsen av å høyra til, bli verdsett for den du er
Fotball inneheld mange og ofte komplekse situasjonar du som trenar må forhalda deg til. Å “byggja” menneske er ein vanskeleg øvelse. Korleis spelarane kan gjera kvarandre gode, at du ikkje leitar så ofte etter feil, men faktisk fokuserer på det som spelarane gjer godt.
Finjord kom med mange og gode eksempel på korleis dette fungerer godt, men også med døme der det blir feila grovt og der samhandling og lagånd ikkje fungerer. Eller der trenarar i ungdomsfotballen alt for tidleg fokuserer på utvelgjing og spissing.
Han har også god bakgrunn som lærar i skuleverket, så mange av leiareigenskapane har han hatt god bruk for på same måten der. I det heile ei tankevekkjande og svært interessant stund som nådde heim hjå deltakarane.
Våre eigne, Tone Bakke, Torgeir Strypet og Sebastian Kaldestad orienterte om klubben, frå oppstarten i fjor og kva som har skjedd til no. Sesongen har gått over all forventning, klubben har fått eit godt fotfeste med ordna økonomi, og med fasilitetar på Fosshaugane Campus som mange klubbar i Norge ikkje er i nærleiken av. Akademisatsinga fungere godt, og der ligg framtidas spelarar som vonleg vil ta steget opp i A-stallen på sikt. Samarbeidet med Sogndal Fotball fungerer utmerka, og toppsatsinga på damefotballen er enno berre i startgropa i Sogndal. Framtida kan bli svært spennande.
Me kjem att med meir frå “Jentefotballens helg” i morgon. Då er det også kamp mellom Sogndal FK DAmer og Øvrevoll Hosle 2 klokka 15.