Jubelhelg på Fosshaugane

Josefine, Marte, Anna og Julie kan smila tetter 4-0 mot Øvrevoll Hosle 2 og 2. divisjonsspel i 2023.

Fotballdamene våre gjorde jobben mot Øvrevoll Hosle 2 og vann 4-0. Dermed kan me alle sjå fram til 2. divisjonsspel også i 2023. Kampen vart avgjort dei første 20 minuttane då me gjekk rett opp i ei 3-0 leiing. Josefine, Anna og Julie sørga for måla, før Marte avslutta scoringsballet med 4-0 frå straffemerket i andre omgang. Bærumslaget vart pressa hardt frå avspark og hadde lite å stilla opp med då våre spelarar tok tak. På slutten av kampen var det så duka for sesongdebut for supervetaran Silje Torvanger. Ho var berre cenitmetrar frå å avslutta kampen med scoring, noko som ville ha vore prikken over i-en i dagens kamp. Silje har diverre hatt ein lei skade, men no er ho i gang for fullt til serieinnspurten. For å visa at dette var vår dag, tok like godt keeper Maja og redda straffen frå ØH2 heilt på slutten. Dermed var det klart for jubelscenar etter ein sesong som eigentleg har vore ei lang triumfferd.

  • Eg er utruleg stolt over den jobben de har gjort, sa ein rørt trenar Robert Hovland blant jublande spelarar då kampen var slutt.

  • Me har hatt ei flott utvikling med laget heile sesongen. De har verkeleg stått på og jobba hardt for dette. Å klara målsetjinga når to kampar står att, er berre imponerande. Takk til alle for innsatsen, seier Robert etter kampslutt. Trenarkollega Sebastian er snar med å føya til.

  • Me har att to kampar, først skal me ta Hønefoss på bortebane før KFUM Oslo kjem på besøk i serieavslutninga. Så det er framleis mykje å spela for. Dei 300 tilskodarane ga spelarar, trenarar, leiarar og alle i støtteapparatet ein velfortent, ståande applaus etter kampslutt. For foreldra til Julie som var komne heilt frå Eidsvold for å sjå dottera i sin nye klubb, vart det ei ekstra god oppleving.

  • Dette var fantastisk. Me er stolte og imponerte over laget. Julie stortrvist i gjengen her i Sogndal og er blitt motteken på ein så god måte. Gratulerer med flott innsats, er deira helsing til laget vårt..

Trenar Robert jublar uhemma saman med glade fotballjenter etter at 2. divisjosnsplassen er sikra.

Jon Navarsete