Trine Lerum: Korleis byggja LAG

Som del av seminaret denne helga hadde Trine Lerum ei interessant “reise” der ho fortalde korleis ho har brukt lærdomen frå fotballen i jobben som direktør ved Lerum. Bedrifta har sponsa Sogndal Fotball sidan 1982, og er no ein viktig sponsor også for Sogndal FK Damer.

Trine har lang spelarerfaring, heilt tilbake i 1982. I tillegg til spel for Sogndal og Kaupanger, har ho NM-gull med Trondheims Ørn. Ei lang og lærerik leiarerfaring frå fotballen i Kaupanger har ho altså teke med seg inn i jobben som direktør ved Lerum-fabrikken.

  • Det er svært viktig å ta dei tilsette, eller spelarane på laget med som ein del av leiarskapen. Du må ha respekt for alle og visa at dei betyr noko. Setja pris på og stola på at dei vil gjera jobben. Det handlar om identitet, og å skapa ei merkevare. Både innan industribedrifta og i fotballen. Å spela på LAG.

    Trine fortalde med innleving om korleis ein kan skapa ein vinnarkultur. Noko Lerum har lukkast med til gagns. No har ho stor tru på at Sogndal FK Damer kan lukkast med målet om på sikt å etablera eit 1. divisjonslag.

  • De har nettopp starta på vegen. Det er viktig å sjå mulegheitene og å jobba målbevisst. Få alle med, det inneber også alle som jobbar rundt laget. Alle må føla seg verdsette.

Jon Navarsete