- Me har lært masse

Tre fotballjenter frå Gaular. F.v Andrea S. Engelsen, Oda Eline Viken Olsen og Malin Senneset Råheim. Dei er godt nøgde med fotballhelga i Sogndal

Kring 50 jentespelarar frå heile Sogn og Fjordane, og nokre frå Voss har hatt ei lærerik og god fotballhelg med gode trenarar frå Sogndal FK Damer og fotballkretsen med Jan Tore Jåstad i spissen. Me snakka med tre blide og fornøgde jenter frå Gaular.

  • Det har vore ei kjekk og lærerik helg. Me har lært masse og fått gode tilbakemeldingar på ting me må jobba meir med for å bli endå betre. Sosialt har det og vore kjekt å bli kjent med nye fotballvenner. Så det er berre positivt å ta med seg heim, fortel dei tre jentene som til dagleg spela på Gaular sitt J-15 lag.

Framme f.v Ottar Klopstad og Bjørn André Storøy frå Førde IL og bak f.v Helge Jostein Follevåg, Anita Follevåg og Niklas Follevåg frå Askvoll/Holmedal. Dei har hatt godt utbyte av fotballhelga i Sogndal

På tribuna like før kampen mellom Sogndal FK Damer og Øvrevoll Hosle 2 sit nokre ivrige trenarar frå Førde og Askvoll/Holmedal, som også er nøgde med opphaldet og innhaldet på seminaret.

  • Det er viktig med slike samlingar. Å treffa likesinna, utveksla erfaringar og ikkje minst på nye input i kvardagen. Me tek med oss mykje nyttig lærdom frå desse to dagene, fortel Ottar Klopstad og får anerkjennande nikk frå dei andre.

  • Me håpar det kan bli fleire slike samlingar, både for spelarar og trenarar. Me syslar gjerne for oss sjølv, og det kan vera brukbare og gode økter. Men det er alltid noko nytt å ta med seg. Dette gjev oss ny inspirasjon i treningskvardagen. Det same seier spelarane til oss. Så dette likar me, er dommen frå sunnfjordingane.

  • No står det att berre for Sogndal å forsyna seg av alle tre poenga, avsluttar Helge Jostein Follevåg, lynvingen med fartstid i Fjøra FK.

    Og det fekk han heilt rett i.

Jon Navarsete