Sogndal FK Damer - ein sensasjon

Dette var tittelen på ei sak i Porten.no på tysdag.

Sogndal FK Damer – ein sensasjon

I helga var kring 100 jentespelarar, trenarar og leiarar frå heile Sogn og Fjordane samla til «Jentefotballens helg». Eit seminar med fokus på leiarskap, lagbygging, og ikkje minst, gode treningsøkter for dei kring 50 spelarane frå heile gamlefylket. Det toppa seg med damelaget sin suverene 4-0 siger mot Øvrevoll Hosle 2, noko som sikra Sogndal FK Damer plass i neste års 2. divisjon.

Det nye satsingslaget såg dagens lys i fjor, og denne sesongen har dette svært unge laget i kamp etter kamp prestert over det ein kunne håpa på.

 «Raoe, Rause, Stolte» «Eit LAG – ein Draum». Det er slagorda for Sogndal FK Damer

-         Eg er utruleg stolt over jentene. Nesten vanskeleg å finna ord, var ein rørt trenar Robert Hovland sin knappe kommentar då kampen var over.

Etter å ha følgt med dette laget både på treningar og i kamp, er det berre å ta av seg hatten og gratulera heile staben med innsatsen. For det er ei sterk støttegruppe som står bak spelarane. Ute på treningsfeltet er det kvalitet i det som går føre seg. Det blir stilt krav, og det er ein raud tråd i treningsarbeidet. Slik sett er det ikkje så overraskande at laget har prestert godt i år. Trass i ein gjennomsnittsalder på mellom 16 og17 år.

Legg lista høgt

-         Dette er starten på noko me håpar skal bli eit 1. divisjonslag på sikt, nivå to i Norge. Me må våga å leggja lista der, og så må me vera bevisste på korleis me skal gå vidare, seier styreleiar Torgeir Strypet. Han har 40 års fartstid som leiar frå han var med å starta damelaget på Kaupanger tidleg på 1980-talet.   

-          Denne satsinga er svært viktig for jente- og damefotballen i heile Sogn og Fjordane. No har dei som har lyst og vilje til å satsa, eit lag å sjå opp til. Etter kvart må me og sjå utanfor fylkegrensene for eventuelt å finna spelarar med erfaring frå spel på toppnivå. Me skal byggja eit fundament som er godt nok, ikkje minst økonomien spelar ei viktig rolle, fortel Strypet.

På Fosshaugane Campus ligg det meste til rette for å satsa på fotball. Kompetanse innan fotball, fasilitetar, helse og eit skuletilbod med høgskule og vidaregåande skule, der spelarane har svært gode forhold og mulegheiter. Få damelag i landet kan visa til nettopp dette.

Akademi-satsing

Akademiet for spelarar i aldersgruppa 13-15 år er ein viktig del av denne satsinga.

-         Rekruttering er svært viktig. Jentene må få eit like godt sportsleg tilbod som gutane. Me samarbeidar godt med Sogndal Fotball og skulane på alle vis. Me må også bidra ut i fylket og visa kva me står for. Å samla gode jentespelarar med jamne mellomrom er avgjerande. Slik som til dømes denne helga er eit eksempel på, seier Torgeir Strypet.

Breidde og topp i samarbeid

Det er interssant å leggja merke til at samarebeidet med breiddelaget til Sogndal Fotball også har gjeve resultat. Med Jan Tore Slinde som trenar, og der dei får med spelarar frå Sogndal FK Damer, har resultata betra seg monaleg. Så det tyder på ein vinn-vinn situasjon. Noko som betyr eit breitt og godt tilbod for jenter i regionen til å spela fotball.

-         Med ein spissa 2. divisjon frå 2023, ein reduksjon i talet på lag frå kring 75 til to avdelingar og 28 lag, seier det seg sjølv at me blir kraftig utfordra neste år. Men det likar me, og eg er trygg på at dette laget kjem til å ta nye og viktige steg i utviklinga i løpet av ein god treningsvinter, er Strypet sin kommentar til det nye tilværet.

Sogndal FK Damer har opplevd stor interesse frå fleire sponsorar for den satsinga dei har starta. Årets budssjett på 3,1 millionar kroner vil bli auka, og det er sikkert fleire som får augene opp for dette laget sine gode prestasjonar.

Jon Navarsete