35 år med damefotball på Kaupanger
Det har svinga rundt damelaget til Kaupanger i 35 år. Ei imponerande reise med mange oppturar. Flaggskipet for damefotballen i Sogn og Fjordane skiftar no frå «grønadrakti» og Kvednhushaugen til svart-kvitt og Fosshaugane Campus.
Denne artikkelen er henta frå porten.no, skriven av Jon Navarsete.
Det blir eit regimeskifte på mange måtar, eit spennande eit også. Det var 17. mai-stemning då KIL-damene kom heim og kaupingane kunne feira opprykksjentene ein oktoberdag i 1985. Ei flott 50-årsgåve for idrettslaget. Lisbeth Vedvik og Co sette KIL-damene på fotballkartet for alvor. Sidan den gongen har klubben opplevd mange store hendingar med spel også på toppnivå i Norge.
Jentefotballen på Kaupanger var i gang tidleg på 1980-talet. Kvintetten Drude Buene, Grete Teigen, Aud Inger Sviggum, Sissel og Lisbeth Vedvik spela saman med gutane heilt fram til 16-årsalderen, og dei hevda seg med glans.
– Me var ein aktiv jentegjeng som spela fotball i lag med gutane i friminutta på skulen. Etter kvart fekk me vera med i lag på treningane, og dermed var me i gang, fortel Aud Inger Sviggum.
Edit Øren hadde nokre av jentene som elevar på idrettslinja, så ho vart den første trenaren, spelande, då damelaget kom i gang.
– Det er imponerande at klubben har klart å halda eit så godt sportsleg nivå gjennom desse 35 åra. Bygdefolket har støtta heilhjarta opp, og mange har bidrege stort på mange vis for klubben. Miljøet blant spelarane har vore svært godt, noko me frå pionértida merka spesielt godt då me møttest til reunion i 2015. Det var berre utruleg kjekt, fortel Audi Inger Sviggum.
– I startfasen var me samansveisa og der alle betydde like mykje. Det sosiale i lag med gode treningar og godt humør trur eg har vore suksessoppskrift og ein gjengangar i alle desse åra, meiner Sviggum.
Eit fylkeslag
Etter kvart dukka det opp spelarar frå heile fylket. Namn som Margunn Humlestøl, Anette Igland, Wenche Torvanger, Wenche Wefring og Leni Berge kom til, og seinare har ikkje mindre enn kring 30 spelarar teke steget frå Kaupanger til toppfotball i Norge, mange med landskampar og. Dei mest kjende førebels er nemnde Humlestøl Haugnes, Igland og ikkje minst, Elise Thorsnes.
Å henta dei beste talenta frå fylket har vore heilt avgjerande for Kaupanger sin suksess med damelaget. Slik det måtte vera for det einaste damelaget som satsa heilhjarta på toppfotball. Mange gode leiarar og trenarar har laget hatt. Kjell Ertesvåg er ein av trenarane. Sogndølen som gjorde kauping av seg. Han har godt fotballblod i årane, slik etternamnet tilseier. God fotballmiks med røter frå Hødd og Sogndal borga for kvalitet. Og Kjell kunne alt om det å scora mål, slik han gjorde for Sogndal midt på 90-talet. Andre gode trenarnamn er blant anna Torgeir Strypet, Per Ingar Sviggum, Magdalon Sætre, Per Norstein, Per Are Verlo, Frank Nymark, Knut Almås, Knut Hauge, Marius Lenni Bøe og Øystein Lindesteg. Å nemna Normann Henning Fimreite sin årelange innsats som oppmann og alt-muleg-mann er og på sin plass, sjølv om det er fleire som har gjort ein formidabel innsats for klubben.
Kaupanger har vore det suverene flaggskipet for damefotballen i fylket. 22 år etter at Jotun-herrane tok steget ut av fotballfylket og møtte lag frå Bergen i 1962, kom KIL-damene susande inn på bana og rykka opp i 1. divisjon hausten 1985. Trenar Torgeir Strypet styrte KIL-skuta myndig og med disiplin i rekkene. Det har skapt mang ei feststund på Kvednhushaugen.
Mange landslagsspelarar
I 1986 var det fire landsdekkande avdelingar i toppdivisjonen. Spelarar som Lisbet og Sissel Vedvik., Drude Buene, Wenche Bakke, Mona og Grete Teigen og Aud Inger Sviggum var sentrale i 1985 og dei første åra. Seinare har Kaupanger fostra mange landslagsspelarar på jente- og damesida. Anette Igland. Margunn Humlestøl, Rakel Rauntun, Renate Taraldset Trine Lerum., Tone Bakke, Kristin Stundal, Synne Christiansen, Jori Skorve og Eirin Haukøy er alle gode namn som har spela fotball med flagget på brystet på ulike nivå. Seinare kom spelarar som Thea Bjelde, Marthe Hjelmhaug, Silje Torvanger, Miriam Mjåseth, Andrea Hopen, Linn-Mari Nilsen, Jannike O. Andersen, Ylinn Tennbø og Ingrid Jåstad til. Og sjølvsagt Elise Thorsnes som også starta karrieren i Kaupanger.
Tidenes cupfinalemål
Og sjølvsagt må Eli Anne Skartun nemnast. Jenta med eit av dei finaste frisparkmåla på Ullevål nokon sinne, i det som vart eit surt cupfinaletap i 2002. Eli Anne og Arna Bjørnar hadde sigeren langt nede i lomma, men Trondheims-Ørn avgjorde til 4-3 etter ekstraomgangar. Trine Lerum sine to NM-gull med trønderlaget er og god fotballhistorie. Som OL-gullet til Margun Haugnes (Humlestøl)og VM-sølvet til Anette Igland i 1991.
Så det er stolte tradisjonar kaupangerdamene kan sjå tilbake på. Nokon lett veg mot norsktoppen har det aldri vore, knapt med ressursar som klubben har hatt. Ved eit par høve tidleg på 1990-talet spøkte det skikkeleg med trussel om nedlegging av damefotballen. Heldigvis ordna det seg, ikkje utan mobilisering frå viktige personar kring damefotballen i Kaupanger. Klubben satsa ambisiøst vidare mot opprykk til 1. divisjon. Det lukkast i 2012 då Vårinn Ness vart matchvinnar mot Urædd i 2-1 sigeren. Med spelarar som Stine Hovland, Åse Neraas, Vårinn Ness, Siv Kristine Hovland, Silje Torvanger, Eli Anne Dvergsdal og Elise Vilnes Mjåseth i fremste rekkje og med rutinerte spelarar som Andrea Fardal Opseth, Åse Neraas, Monica Hundere og Camilla Bolseth på bana, slo dei Haugar og rykka opp. I 2017 kom neste opprykk, og då var det Tea Berteig, Ylinn Tennebø og Miriam Mjåseth som var tonegjevande. Tromsdalen vart for små i 2-0 sigeren med rekordstort publikum på Kaupanger si heimebane.
Viktig nysatsing
For damefotbalen i fylket er nyskapinga Sogndal FK Damer svært viktig for jente- og damefotballen i fylket. Spesielt med tanke på den nye serieordninga frå sesongen 2023. Å leggja forholda til rette og halda oppe ei ambisiøs satsing på alle plan, er noko den nye organisasjonen legg opp til. Eit framtidig topplag på damesida tilseier eit godt samarbeid mellom lokale og regionale klubbar. Vidare å ha auge for nykomarar utanfor fylket. Fleire av damespelarane trenar mykje og har ambisjonar. Men premissane er heilt annleis enn for toppspelarar på herresida. Med Sogndal FK Damer på bana vil det bety starten på ei anna fotballverd. Men som den nøkterne leiaren Torgeir Strypet seier:
– Me må leggja stein på stein. Ta eitt år i gangen. At me skal få til ei god utvikling er eg overtydd om. Ei ung og spennande spelargruppe, gode leiarar og eit trenarapparat av beste merke, gjer at eg er optimist.
Komande sesong blir det damefotball i 2. divisjon på Fosshaugane. Trenar Robert Hovland har planane klare for at Sogndal FK Damer skal makta å halda plassen når me skriv 2023. Det blir nokre svært spennande år for den nye klubben. Målet om å skap eit topplag på damesida er ambisiøs så det held. Men at det vil bety eit løft for damefotballen i fylket, herskar det liten tvil om. Så må klubben få lov å finna seg sjølv. Rekrutteringa i regionen er stor, med mange jenter som vil satsa på fotballen og som no vil få noko å sjå opp til.
1. Kaupanger.jenter på Norway Cup midt på 1980-talet.
2. Her er Kaupanger sitt damelag midt på 1990-talet.
3. KIL-jubel for opprykk til 1. divisjon i 2012.
4. Ein solid kaupangerkvintett. Wenche Wefring, Leni Berge, Drude Buene, Elin Dale og Margunn Humlestøl Haugnes.
5. To glade 16-åringar klare for landslagsspel. Begge med lang fartstid i Kaupanger. Trine Lerum Hjellhaug som spelar og leiar, Tone Bakke som spelar og med i det nye styret for Sogndal FK Damer.