Satsingslaget Sogndal FK Damer
Sogndal FK Damer har no formelt overteke rollen til Kaupanger IL som satsingslag for damefotballen i Sogn og Fjordane.
Klubben har fått med nesten heile spelarstallen fra KIL, og teke opp nye talentfulle spelarar i A-stallen. Trenarteamet med Robert i spissen er ogso klare for ny sesong. Vi har fått etablert eit offensivt og hardtarbeidande styre, og tilsett Sebastian Kaldestad som dagleg/sportsleg leiar.
Dessuten har KIL bidrege til ein smidig overgang til Sogndal FK Damer, og SIL Fotball har lagt forholda særs godt til rette for oss på Campus. Og ikkje minst – næringslivet (les:sponsorane) har teke imot oss på ein svært god måte, noko som er heilt avgjerande for ei styrka satsing på jente og damefotballen. Vi vil komme tilbake med meir informasjon om samarbeidspartnerane våre.
Klubben har bestemt seg for å satse på digital kommunikasjon, og foruten Facebook/Instagram blir våre nye heimesider lansert i dag – www.sogndalfk-damer . Vi håper alle våre supporterar og støttespelarar vil finne mykje spennande informasjon her om det som skjer i klubben.
Sogndal FK Damer vil med dette ønskje alle velkomne til å følgje oss og satsinga på å videreutvikle jente og damefotballen!
Sportsleg helsing frå styret i Sogndal FK Damer