Alida Hestetun Kilen klar for Sogndal FK Damer
Foto: Stig Høynes - www.haugenfotball.no
Me ønskjer Alida Hestetun Kilen, f. 2010, velkommen til klubben. Ho har hospitert med oss over lengre tid, var med på treningsleir i vinter og var delaktig i siste treningskampen vår mot Raufoss.
Ho tar no steget inn i seniorfotballen og blir tredje Årdølen i a-stallen, saman med Ella Berge Hestetun og Marte Hollevik.
Alida er ein moderne fotballspelar med godt blikk for for spelet, som kan bekle fleire posisjonar i midtbaneleddet. Me er glade for at Alida kjem til oss no, sjølv om ho er ung så er ho vaksen i spelestilen og vil gi oss alternativ i fleire posisjonar offensivt. Me ser fram til å vere med på utviklingsreisa til Alida framover seier sportsleg leiar Sebastian Kaldestad.
Me må få takke IL Jotun for samarbeidet og den gode tilrettelegginga Alida har fått i perioden ho har hospitert med oss.
Velkommen til oss, Alida