Årsmøtet er klubben si høgaste myndigheit og blir gjennomført kvart år i mars månad.

Innkalling og kunngjering kjem minst 14 dagar i forkant, og inneheld saksliste etter standard for årsmøte i idrettslag. Medlemmar kan melde inn saker til årsmøtet. Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 10 dagar før årsmøtet. For å ha stemmerett og vere valbar, må ein medlem ha fylt 15 år, vore medlem i klubben i minst ein månad og ha betalt kontingent.

 

Innkalling til årsmøtet skal skje direkte overfor dei som har representasjonsrett. Klubben kan innkalle på annan forsvarleg måte, som ved kunngjering i media eller på klubben si heimeside.

Årsmøtet legg grunnlaget for klubben si verksemd og styret sitt arbeid. Alle som ønskjer å vere med på å bestemme kva klubben skal gjere og korleis den skal drivast, bør delta på årsmøtet.

Det skal skrivast protokoll frå årsmøtet, signert av to av representantane på møtet. Protokollen vil vere tilgjengeleg for klubben sine medlemmar på heimesida etter årsmøtet.