Anna klar for dobbel-møte mot Portugal

Det går unna når Anna koplar inn turboen. Snart blir det kampar mot Portugal

Anna er utteken på Norge sitt J-18 landslag. Dei møter Portugal til dobbel-landskamp 20. og 23. september. Ei spennande oppleving for hafslojenta som har imponert i mange kampar denne sesongen.

Hardtarbeidande, god med ball, ikkje redd for å skyta og alltid på jakt etter gjennombrot. Det er så velfortent med landslagsplassen, Anna.

Me ønskjer lukke til. Gjer som du er vant med saman med oss - då blir dette ei flott oppleving! Me heiar alt me kan.

Men først er det bortekamp mot historiske Amazon Grimstad på laurdag. Klubben som var først ute med damefotball i Norge. Me går for siger som me alltid plar gjera. Måtte lukka stå våre tapre jenter bi. Stao Pao!

Bortekampar er alltid tøft. Me trur likevel på meir jubel etter møtet med Amazon Grimstad i morgon laurdag.

Jon Navarsete