Vårin, Silje og Julie på scoringslista
Det vart heimesiger igjen etter flott laginnsats og tre fine mål. Mot hardtsatsande Haugesund tok me meir og meir over, og det såg betryggande ut på 2-0 etter mål og heading av Julie og Vårin med eit knallskot frå 20 meter. Då Haugesund reduserte, vart det litt oppkava og litt stress. Men jentene samla seg fint. Julie F kom inn på slutten, kopla på turboen og sprang frå alle, før ho serverte nydeleg til Silje. Ho svikta ikkje, og åleine med keeper sette ho ballen kontrollert i mål. Ikkje rart elevane hennar frå Trudvang jubla saman med henne då sigeren var sikra.
Me vann igjen og kunne jubla for flott levert innsats og vinnartæl frå heile gjengen!
All honnør til jentene for stor og oppofrande innsats. Ekstra kred til Vårin i dag. Godt å ha ho tilbake, sa trenar Robert blant jublande spelarar.