Ei helg med fokus på jente- og damefotball

Laurdag 30. september og søndag 1. oktober: “Korleis skapa gode miljø for jente- og damefotball i vår region”

Sogndal FK Damer inviterer på nytt til jentefotballhelg i Sogndal på Fosshaugane Campus. Tilbakemeldingane frå førre samling var gode, og me har laga eit program som me håpar vil bli interessant.

Invitasjonen går til trenarar,leiarar, ressurspersonar, føresette - alle med interesse for, og som ønskjer å utvikla jente- og damefotballen i fylket.

Parallellt vil det også vera ei samling for akademispelarar i Sunnfjord og Sogn denne helga. Det blir høve til å sjå og følgja også deler av treninga og kampar der.

Inspirasjon - Motivasjon - Fagleg påfyll

Program laurdag med oppstart kl. 12:

  • Mingling og enkel lunsj

  • Leiar i SFK Damer, Torgeir Strypet innleiar. Dagleg leiar Sebastian Kaldestad informerer om samarbeidet med andre klubbar, kva me gjer og kan bidra med saman med andre.

  • Kvernbit IL, moderklubben til Lise Klaveness, blir med på samlinga. Dei har gjennom målbevisst arbeid lukkast med jente- og damefotball. Kvernbit er kvalitetsklubb som kan samanliknast med fleire av klubbane i Sogn og Fjordane.

  • Skadeførebyggjing spesielt retta mot jenter

  • Silje Torvanger og Vårin Ness fortel frå deira karriere - Kva skal til for å skapa gode miljø slik at jentene held fram lenger med fotballen? Her blir det samtale i grupper på tvers av klubbar - relevante problemstillingar.

Middag på Quality Sogndal Hotell klokka 20:00

Program søndag frå kl. 10:

  • “Lagløftet- Jenter vil mer” ei satsing på jentefotballen i regia av Sparebanken Vest , Sogndal Fotball/Sogndal FK Damer, Brann og Arna Bjørnar

  • Samtale i grupper på tvers av klubbar. Kvernbit er med oss i samtale og refleksjon

  • Rasmus Mo - motivator og tidlegare fotballeiar

  • Saftkokaradn kjem i forkant av kampen - “Kvifor er me opptekne av jente- og damefotball? Kamparrangement sin betydning for miljøskaping og innsats på bana”

  • Forkamp Sogn - Sunnfjord, akademilaga. Fosshaugane Campus

  • Trenarane til Sogndal FK og Frigg kjem med sine betraktningar før kamp

  • KL. 16 - Sogndal FK Damer - Frigg, 2. divisjon. Fosshaugane Campus

Me håpar de set av denne helga saman med oss for inspirasjon, impulsar, motivasjon og kunnskap til jente- og damefotballen sitt beste!

Påmeldingsskjema her

Praktisk informasjon:

  • Gjennomføring av samlinga blir på Fosshaugane Campus

  • Overnatting bookast av den enkelte deltakar. Tilbod på overnatiing på Quality Sogndal Hotell fram til 14 dagar før ankomst:

  • Enkeltrom kr. 1149,- Dobbeltrom kr. 1298,- Tresengsrom kr. 1537,- Firesengsrom kr. 1896. Prisen gjeld per rom per døgn i standard rom og er inkl.frukost. De må syne til ref; 019261 når de bestiller, samt kvar rekninga skal sendast.

  • Enkel lunsj og kaffi i samband med gjennomføring av samling begge dagar

Ta kontakt gjerne kontakt med klubben for evt meir informasjon og spørsmål om arrangementet:

  • Tone Bakke, Sogndal FK, mail: 0312tone@gmail.com, tlf: 958 86136

Jon Navarsete