Besøk i nye lokaler hos Idrettssenteret

Idrettssenteret i ny drakt

I samband med ny-åpning, etter ei omfattande oppussing og ombygging på Idrettssenteret avd. Campus, tok laget turen på besøk etter fotballtrening onsdag i førre veke. Spelarane våre brukar mykje tid til fysisk trening på Idrettssenteret og får no verkeleg ein fantastisk arena å utvikle seg vidare på seier dagleg leiar Sebastian Kaldestad etter besøket.

Idrettssenteret har vore og vil vere ein viktig del av utviklinga på Campus og i Sogndal. Med sin breie medlemsbase legg dei til rette for eit mangfald av treningsformer, både for dei som ønskjer å utvikle seg innan toppidretten, men vel så viktig for breidden og i eit folkehelseperspektiv.

Les meir om tilbodet deira her: https://sogndal.spenst.no/

 


Vaflar, Sprudle frå Lerum, gåver og informasjon på menyen

Dagleg leiar på Idrettssenteret Kolbjørn Rydvang og PT Øyvind Brennset informerte om tilbodet dei har og om samfunnsengasjementet sitt. Senteret er meir enn berre ein treningsarena, det er ein møteplass på tvers av generasjonar. Mingleområdet utanfor resepsjonen, som vi nyttar til denne samlinga, skal mellom anna vere møtearena for seniorklubben seier Kolbjørn entusiastisk.

Kolbjørn og Øyvind tok seg god tid til dialog med trenarar og spelarar om korleis me kan bli endå raoare saman. Både når det gjeld profilering, fysisk trening, opptrening etter skade og restitusjon.

Avslutningsvis fekk laget ein spinningssykkel til garderoben i gåve frå Idrettssenteret. Det set me veldig pris på.

Me ser fram til eit endå tettare samarbeid i tida framover!

Sebastian Kaldestad