3 poeng mot Tynset smakte godt
Tynset IF - Sogndal FK Damer 1-2
Dommartrio
AD Marius Neraas Amdam
HD Madelen Erika Rønvik
AD Mathias Holen
Målscorarane
0-1 Anna Grindhaug
1-1 Oda Nystuen
1-2 Anna Grindhaug
Kaptein Kristine Hovland hadde følgande å seie til Lurifax Support etter kampen :
I dag er me på fra start og er utruleg gode i det høge presset vårt! Dette gjer at me fortjent ledar 1-0 til pause etter fin kombinasjon av Marte H. og Anna G. Me er ikkje like påskrudd i 2. omg og startar litt rotete, som gjer at me slepp inn eitt tidleg mål. Heldigvis klarar me å heva oss raskt og tek tilbake leiinga kort tid etter. Etter me ledar 2-1 blir det igjen litt rot, der me skapar litt unødvendig stress for oss sjølv. Men heile laget gjer ein kjempegod jobb deffensivt og me får rydda opp det som kjem mot oss. Me står kampen heilt ut - herleg innsats av alle spelarane. Deilig med 3 poeng på bussturen heim. SNP!
Skrive av: Lurifax Support
Siste kamp i denne omgang for Josefine
Dette var siste kamp i denne omgang for den blide og talentfulle jenta frå Gaupne. Josefine er byrja på skule i Oslo og me ønskjer ho lukke til vidare, både med skule og fotball. Så håper me at ho ein gong i framtida er tilbake i Sogndaldrakt.
Debut for Vårin
Gledeleg var det at Vårin fekk sin fyrste kamp for oss i helga. Saman med Silje Torvanger og Andrea Henjesand, som også er tilbake igjen no i haust, tilfører Vårin rutine og ein ro i spelet, noko som vil vere viktig for oss utover seier hovudtrenar Robert Hovland.
Nye utfordringar på søndag
På søndag klokka 12:00 håper me mange tek turen til Fosshaugane Campus for å sjå oppgjeret mellom Sogndal FK Damer og Haugesund. Då håpar me å revasjere 2-1 tapet frå i vår.