Skuffande, men viktig lærdom

Det var tid for ein viktig samtale etter tapet for Arendal. Skuffande, ja. Men til å læra av.

Me fekk ein liten tankevekkjar mot Arendal. Opningsminuttane vart litt for tafatte og puslete av oss. Eit tidleg baklengsmål prega oss heile første omgang.

Etter kvilen kom me betre i gang og skapte nokre mulegheiter. Men det vart aldri vanleg standard over det me presterte.

  • I dag var det rett og slett ei skuffande forestilling. Me kom aldri opp på det nivået me ønskjer. Det må både me trenarane og spelarane ta inn over oss. Slike kampar kan koma, og no er det viktig å gå vidare, gå på trening for å bli endå betre. Me taper og vinn i lag. La det vera heilt klart, seier Robert etter ein liten tenkjepause.

Det er alltid noko å læra etter ein fotballkamp, siger eller tap.. No er det viktig å leggja Arendal-kampen bak seg og få opp att energien til møtet med Tynset.

Me har prestert godt før denne sesongen. Det er ingen grunn til at me ikkje skal klara det på ny. No må alle dra lasset i lag, få att humøret på treningane. Å tapa er aldri farleg. Det er “berre” fotball, og neste kamp kjem snart! Me skal hevna dette!

Jon Navarsete