Ny heimekamp - Arendal på besøk
Søndag er det heimekamp igjen. Me møter Arendal, eit lag me spelte 1-1 mot i vår. I følgje trenar Robert har det vore ei god treningsveke.
Me er godt førebudde og lovar å gje alt for å sikra oss tre nye poeng. Bortesigeren i Trondheim gjorde godt. Så no må me vera klare for ny innsats framfor eit entusiastisk heimepublikum, seier Robert.
Han fortel om eit hardtarbeidande Arendal.
- Me veit at dette vert ein beintøff kamp mot eit fysisk sterkt og godt organisert Arendal. Dei er det laget i divisjonen som liknar oss mest i måten dei pressar på, og er organisert defensivt. Dei har og fleire spelarar med erfaring frå 1. div, så dette vert nok ein tøff og jamn kamp.
Det er berre å stilla på tribuna søndag kl. 12. Med normal støtte frå publikum, kan det bli ein ny tre-poengar og god plassering på tabellen.