God motstand og flotte rammer i fyrste heimekamp på Fosshaugane Campus
Sogndal FK Damer-Frigg Oslo FK 2-1
Fosshaugane Campus 01.mai
Publikum fekk med seg ein spanande kamp på Fosshaugane Campus i 1.mai sola. Motstandar laget vårt Frigg viste tidvis prov på at dei kjem til å vere med i toppen av 2.divisjonsavdelinga når poenga teljast opp til hausten. Me takkar Frigg og dommartrioen for kampen!
Sogndal FK sin tropp til kampen:
Maia L. Øen, Julie Øverland, Ine L. Dale, Marte Hollevik, Thea Elle, Josefine T. Lefdal, Kristine Hovland, Ingrid Krakhellen, Andrea Henjesand, Emma Sæbø, Anna Grindhaug, Marte Hovland, Henriette Vindheim, Andrea Njøs, Kaja Rekkedal, Marte Aaberge og Mia Bakke.
Målscorarar:
1-0 Marte Hovland
1-1 Kaja Bjørkvold
2-1 Andrea Sælid Njøs
Fantastiske støttespelarar og nydelege rammer rundt kampen
Saman med det frammøtte publikummet var Saftkokardn med å skape ei fantastisk ramme rundt kampen. Les meir om kva Saftkokardn skriv om kampen her.
Kent Fimreite i Hallo Sogn var på kamp. Her kan du sjå måla og intervju med hovudtrenar Robert Hovland: https://www.youtube.com/watch?v=waEUgssXXLo
Siri Andresen frå Lurifax Support var også på kamp og har skrive referat frå kampen.
Me takkar alle som er med å bidreg!
Sponsortreff og utdeling av signert drakt
I samband med kampen vart det arrangert sponsortreff, med godt oppmøte, der styreleiar Torgeir Strypet informerte om status i klubben og hovudtrenar Robert Hovland snakka om kampen. Dagens kampsponsor, Frydenbø representert på bilde med Rune Døsen, stilte med signert drakt og delte denne ut i pausen til ein heldig vinnar.
Travel veke
Allereie på onsdag er det ny kamp for jentene. Då går turen til Bergen for 1.rune NM kamp mot Loddefjord IL Damer. Er du i Bergensområdet, så ta turen til Alvøen Kunstgress og hei på jentene. Kampstart er klokka 18:00.
Søndag 08.mai, på sjølvaste frigjeringsdagen, spelar vi ny heimekamp mot Snøgg Fotball klokka 12:00 på Fosshaugane Campus.