Tøff bortekamp mot KFUM på laurdag
Ny kamp og nye utviklingsmoglegheiter
På laurdag, 14.05, ventar tøff motstand mot KFUM. Kampen går klokka 12:00 på KFUM-Arena. Saftkokardn har sett opp transport for sine medlemmar til kampen. Les meir her. Er du i Oslo i helga oppmodar vi deg til å ta turen til Ekebergsletta for å støtte laget.
Om bilen ikkje virkar eller du av ein eller annan grunn ikkje får teke turen, så vert kampen oppdatert så godt det let seg gjere på vår instagram. Her kan du følge laget på turen over fjellet og få eit innblikk i kvardagen til spelarane våre.
Reaksjonar og kampdata får du som vanleg etter kampen på Lurifax Support
God start på sesongen
Sjølv om det vart exit i cupen mot Loddefjord, så står laget med 3 av 3 moglege sigrar i serien. Tabell og terminliste finn du her.
Det er tidleg i sesongen, men me har fått ein god start. Det gir ekstra energi og me får stadfesta at det me gjer på treningsfeltet fungerer, seier dagleg- og sportsleg leiar Sebastian Kaldestad.
Robert (hovudtrenar) og resten av støtteapparatet er opptekne av å ta kamp for kamp, og spelarane veit at med 100% innsats i kvar kamp utviklar me oss og då kjem resultata også.
Me kjem frå eit godt resultat og gode prestasjonar i førre kamp mot Snøgg. KFUM vann også sin midtvekekamp 6-0 mot Høybråten Stovner, så alt tyder på at det kjem til å bli ein spanande kamp til helga. Me gler oss!
Sogndal FK Damer - Snøgg Fotball 8-2
08.05.22
1-0 Anna Grindhaug
1-1 Maren Finnebråten
2-1 Henriette Aalen Vindheim
3-1 Emma Sæbø
3-2 Eline Bakken
4-2 Emma Sæbø
5-2 Henriette Aalen Vindheim
6-2 Emma Sæbø
7-2 Kristine Hovland
8-2 Marte Hovland