Årsmøte vel gjennomført - Torgeir takkar av og Tone tek over som ny leiar

F.v: Torgeir Strypet, Tone Bakke, Åse Neraas og Aud Inger Sviggum

På årsmøtet i klubben vart det klart at det blir endringar i styresamansetjing. Tone Bakke tek over leiarvervet frå Torgeir Strypet og Åse Neraas kjem inn i vervet som nestleiar. I tillegg er vi glade for at Geir Henning Høyheim og Ellen Marie Langen kjem inn som styremedlemmer og at Silje Torvanger blir ny varamedlem i styret. Ut går Torgeir Strypet, Gunn Beate T. Lefdal og Aud Inger Sviggum.

Nytt styre i Sogndal FK Damer ser då slik ut etter årsmøtet:

Leiar: Tone Bakke

Nestleiar: Åse Neraas

Styremedlemmer: Rune Henjesand, Ole Petter Heggestad, Khava Khamurzeyeva, Kari J. Bakke, Ellen Marie Langen (ny) og Geir Henning Høyheim (ny). Silje Torvanger (ny) er vara.

I kontrollutval og valkommite held alle medlemmer fram i neste periode.

Torgeir Strypet ønskja velkommen og tok årsmøtet gjennom klubben si årsmelding for 2023

Torgeir har vore ein tydeleg og synleg leiar sidan oppstart av klubben. No trer han altså av og gir stafettpinnen vidare til Tone Bakke som har vore nestleiar i denne perioden.

Eg er veldig stolt av at vi no har både kvinneleg leiar og nestleiar i klubben sa Torgeir til årsmøtet.

Kjem styrka ut

Torgeir held fram i ei mentorrolle i klubben og vil vere med å bidra med sin kompetanse på ulike felt. Også Gunn Beate og Aud Inger kjem til å vere med å bidra i utval og på arrangement. Sogndal FK Damer og årsmøtet takkar alle for ein flott innsats i styret!

Sjølv om det er flotte menneskjer og gode ressursar som no går ut av styret har alle sagt at dei ønskjer å vere med å bidra rundt klubben også i fortsetjinga, det er eit viktig signal og ein av grunnane til at eg no tek på meg leiarvervet seier Tone Bakke. Det er flott at me greier å rekruttere inn nye folk med nye idear og høg kompetanse og samstundes kunne behalde dei som i utgangspunktet går ut av verva sine. Det lovar godt for framtida.

Bærekraftig økonomi og utviklingsarbeid

God økonomistyring gjev oss eit godt grunnlag og sikkerheit i vidare satsing. Rekneskapstala for 2023 viser at me gjekk i overskot (noko det også gjorde i 2022). Det var budsjettert med overskot i 2023, men summen vart ufrivillig noko høgare enn forventa då planlagt treningsleir i 23 vart kansellert p.g.a flytrøbbel kunne dagleg- og sportsleg leiar Sebastian Kaldestad medele årsmøtet. Dette gjer at vi no har fått satt av ein fornuftig eigenkapital, noko som fører til at vi kan legge opp til eit budsjett i balanse i 2024 og prioritere sportsleg utvikling i endå større grad.

Klubben kjem til å halde fram med det gode utviklingsarbeidet også i 2024, med styrking av akademisatsinga der trenarteam vert utvida og det vert lagt inn sommarturnering både for J14 og J18. Ein kjem også til å arrangere jentefotballens helg for 3.året på rad, samt halde fram det gode samarbeide med klubbane rundt oss.

Årsmøte vart avslutta med at hovudtrenar Martin Natvig orienterte om a-lag og sesongen som kjem. Snart reiser laget på treningsleir til Spania, noko alle ser fram til.

RAOE-RAUSE-STOLTE

Sebastian Kaldestad