Ham Kam vart for sterke

I dag tapte me for eit betre lag. Takk for støtten frå publikum, og ikkje minst Saftkokaradn som bidrog heile kampne.

Me heldt rimeleg bra følgje i første omgang, men etter pausen kom me litt skeivt ut og fekk to mål midt i fleisen. Då vart det vanskeleg for oss. Me skal vera ærlege nok til å innrømma at me tapte for eit betre lag. Likevel må me stå opp og unngå eit par svært lettkjøpte mål i mot. No vart det som det vart, 0-4 er dei nakne tala.

Men slik er fotballen. Ham Kam leiar avdelinga heilt fortent og er så godt som klare for 1. divisjon. Me ønskjer dei lukke til.

Anna smiler trass i tapet og tok seg ein velfortent slurk av pærebrusen etter kampen. Det hjalp med nokre godord frå Ine og Thea også.

Sjølve skal me jobba knallhardt vidare og koma sterkare tilbake. Fotball skal framleis vera gøy, og med godt humør og speleglede skal me storma fram og bli endå betre. Dag for dag.

Jon Navarsete