Julie Slattum Pettersen klar for Sogndal FK Damer

Julie Slattum Pettersen (19) kjem frå Ull/Kisa og er klar for spel ut sesongen for oss. Ho kjem altså frå spel i Ull/Kisa og har scora 7 mål i årets 2.divisjon. Vi er veldig nøgde med å ha Julie på plass no i serieinnspurten. Ho er ein hardtarbeidande offensiv spelar, som har ekstremt tempo og nase for mål. Ho vil bidra til at vi har fleire strengar å spele på i kamp, og vil vere eit flott tilskot til treningsgruppa no i haust.

Ho fortel dette om kvifor ho valde å koma til Sogndal.

  • Dei tok kontakt og ville gjerne at eg tok turen til Sogndal. For meg er dette ei fin utfordring. Vil læra mykje og få nye utfordringar. Dei har teke svært godt i mot meg, noko eg set stor pris på. Så dette blir spennande, er Julie sin kommentar til overgangen..

    Ho starta med fotballen i Eidsvoll Turn, og har spelt dei to siste sesongane e for Ull/Kisa. No har ho lyst å bidra til at me skal sikra plassen i 2. divisjon 2023.

  • Sogndal spelar ein type fotball som eg likar med høgt press og stor fart framover. Dett er avgjort ein klubb der eg kan utvikla meg mykje og bli ein betre spelar. Ein veldig fin gjeng, seier Julie om førsteinntrykket.

    I januar skal ho i militæret i Nord-Norge. Så fotballframtida er litt uviss. Men me håpar sjølvsagt at ho kjem tilbake til Sogndal med oss. Debuten får ho mot Snøgg neste helg. Velkomen skal du vera, Julie!

Det blir ingen kamp denne helga for Josefine Thorsnes Lefdal og Sogndal. Høybråten Stovner har trekt seg frå kampen! (Foto: Sogndal Fotball)

Diverre vert det ikkje kamp for Sogndal denne helga. Høybråten/Stovner har trekt seg frå kampen! Det betyr at spelarane får eit par dagar fri, og i følgje trenartrioen er dette kjærkome for nokre av spelarane, som har hatt eit tøft program i det siste. På den andre sida er det spelarar tilbake frå skade som nok hadde trengt kamptrening. Men slik er stoda. Det betyr at neste kamp er mot Snøgg på Notodden neste helg.




Jon Navarsete