Tap til å læra av

Eit lite smil har me på lur, sjølv etter å ha tapt. Det går fleire “tog”. Foto: Haugenfotball

Dei to siste kampane har lært oss at effektivitet er viktig når sjansen byr seg. Både mot Grei og no sist Lyn2 hadde me sjansar til å scora i viktige fasar av kampen. Når me ikkje klarar det, kjem gjerne motstandar og grip sjansen. Men me er klar for å Stao Pao vidare!

  • I dag gjer me ein enormt god fyrste omgang og burde leia med eit par mål. Me var svært gode i press-spelet. Me skapar fleire kvalifiserte målsjansar, og det er heilt utruleg at me ikkje scorar på nokon av dei. I stadenfor tek dei leiinga nett før pause på sin andre sjanse i omgangen, fortel trenar Robert etter Lyn-kampen

Det er tid for revansje og ny siger. når Høybråten/Stovner kjem på besøk komande laurdag!

  • Så har me eit par store i i starten av 2. omg.. Når me ikkje får målet, verkar det som litt av energien går ut av oss og dei tek over spelet. Så får dei scoring nummer 2 og styrer kampen heilt. Lyn 2 stiller med eit veldig godt og rutinert lag i dag med spelarar som har mange kampar frå toppserien. Slik var det på ein måte sist og mot Grei. Eit lag med veldig erfaring, seier Robert.

  • Men han er ikkje pessimist på nokon måte!. Han oppsummerer slik:

  • Me har eit veldig ungt lag og tek med oss at me kjem til mange gode sjanser i begge kampane. Det betyr at me gjer mykje rett. Men det er klart skal me vinna desse toppkampane, må utteljinga på sjansane vera betre. Mål pregar kampar. Samtidig har me heller ikkje vore gode nok i ein del avgjerande situasjonar i mot. Me må bli litt tøffare, og det skal me klarar over litt tid, seier trenaren.

  • Mot dei beste vert ein straffa hardt viss me gker feil og det glippar. I tillegg må me ta betre val med ball, er Robert sine ord. Men alt komande helg er det høve til revansje når Høybråten/Stovner kjem på besøk. Fosshaugane laurdag kl. 14 er staden. Då skal dei få kjenna at Sogndal FK Damer er innstilte på revansje og knallhard jobbing!

Jon Navarsete