Jentefotball i siget - og de er med?
Sogndal fotballklubb damer vart stifta i september 2021. For å markere dette og for å gi jente - og damefotballen i Sogn og Fjordane eit løft, ynskjer SFKD å invitere til ei inspirerande fotballhelg i Sogndal 24.- 25. september.
Me ynskjer å inspirerer, motivere, bli kjende med og skape samhald med og mellom klubbar og personar i vår region, slik at jente og damespelarar i vår krets skal få dei same moglegheitene som gutane for å lukkast med si satsing eller halde fram med å spele breiddefotball i dei komande åra.
Dei me ynskjer å invitere er trenarar, ressurspersonar og leiarar som igjen kan ta med seg to 2007 - jentespelarar frå kvar klubb. Dette er spelarar som har gode haldningar både på og utanfor bana, har eit ynskje om å utvikle seg fotballspelarar eller som gjerne treng ein ekstrainspirasjon for å satse vidare. Me inviterer og andre som brenn for jente og damefotball til å delta på samlinga.
I tillegg til Sogndal Fotballklubb Damer vert desse ressurspersonane med:
Roger Finjord damelandslagstrenar, toppserietrenar for Stabæk, spelarutviklar og no leiar i Finnmark fotballkrets
Stine Hovland spelarerfaring frå Kaupanger, Sandviken, AC Milan, Arna - Bjørnar
Trine Lerum Hjellhaug spelarerfaring frå Kaupanger, Trondheims –Ørn og aldersbestemte landslag. No Adm. dir. i Lerum
NFF Sogn og Fjordane
Tema for spelarane:
• Motivasjon og eigarskap til eigen utvikling
• Trening
• Kosthald
• Humor / glede
• Samhald
• Helse
• Kvile/ restitusjon
Ressurspersonar Stine Hovland, SFKD sine eigne spelar, trenarar og støtteapparat
Tema for leiarar, trenarar og ressurspersonar
• Bli kjent med SFKD - kven er me, kva ynskjer me, kvifor er det viktig å ha dykk med på laget
• Klubbutvikling og sportsleg utvikling med fokus på jenter
• Samarbeid på tvers av klubbane, status for jente og damefotballen i fylket
• Det å vera ein del av det gode laget
• Korleis leggje til rette for at jenter og gutar skal få likestilte tilbod i klubb?
• Kva kan kretsen bidra med ut mot klubbane?
• Korleis rekruttere og behalde jentene lengre i fotballen?
Ressurspersonar Roger Finjord, Stine Hovland, Trine Lerum Hjellhaug, NFF / SFFK, Robert Hovland og Torgeir Strypet
Det vert parallelle økter for spelarar og leiarar, trenarar og ressurspersonar, men vi legg opp til min. ei treningsøkt der leiarar, trenarar og ressurspersonar kan delta / observere.
Programmet vert tilnærma slik:
Laurdag
• Lunsj og informasjon frå styreleiar i SFKD Torgeir Strypet. Oppmøte ved hovudinngangen til Campus Fosshaugane (port 2) kl. 12.00.
• Roger Finjord og Stine Hovland deler erfaringar og tankar
• Følgje ei treningsøkt – med ressursar frå SFKD og eksterne
• Samtalar og dialog på tvers av klubbane
• Sosialt på Sogndal hotell med felles middag og sosialt samvær utover kvelden
Søndag
• Foredrag av Trine Lerum Hjellhaug
• Informasjon frå NFF Sogn og Fjordane
• Roger Finjord
• Deling av erfaringar og innspel til vidare arbeid
• Forkamp til Sogndal – Øvrevoll Hosle 2
• Sogndal – Øvrevoll Hosle 2 (mest truleg ein spennande innspurt om kampen for å vere med i det nye seriesystemet – Topp fotball damer)
Overnatting
• Spelarane bur på campus saman med vaksne – mat vert dekka av SFKD
• Leiarar og trenarar: Hotellpakke på Quality Hotel Sogndal
Pris på overnatting:
1. Enkeltrom standard: 1340,- per natt/per rom
2. Dobbeltrom standard: 805,- per pers/per natt
3. Tremannsrom standard: 620,- per pers/per natt
4. Firemannsrom standard: 530,- per pers/per natt
5. Dobbeltrom superior: 940,- per pers/per natt
Felles middag laurdag kveld kr. 385;
Påmelding INNAN 01.09.22
Har du spørsmål, så ta kontakt med:
Tone Bakke, tlf. 958 86136 | 0312tone@gmail.com
Torgeir Strypet tlf. 971 49903 | torgeir.strypet@digdir.no
Me håpar å sjå deg i Sogndal 24. – 25. september!
Sogndal FK Damer