Me er klare for møtet med topplaget Grei

Laurdag kl 14 er staden Fosshaugane. Då skal me måla krefter med Grei - topplaget som me faktisk heldt til uavgjort i bortekampen.

  • Me skal gå utpå med ei tøff innstilling, kriga og kjempa dei ut av stilen. Viktig å gleda seg til ein slik kamp. Førebu dykk til kampen slik de plar gjera. Me veit at det er muleg å slå Grei også. Lada batteria på beste måte, ikkje tenk for mykje på kampen. Laurdag er me klar for fight, er trenar Robert sine ord etter kveldens treningsøkt. Den siste før kampen laurdag.

    Då er både Nora Henjesand og Henriette Aalen Vindheim meldt klare for spel.

Det blir ei fin utfordring, ikkje minst prøva å få Grei litt ut av stillen. Slik me gjorde det under kampen i Oslo. Men det er eit rutinert lag me møter, så våre jenter må vera på tå hev frå første sparket på ballen.

Trenarane med siste peptalk´en etter dagens treningsøkt.

  • Grei kjem til Sogndal som soleklare favorittar. Noko anna enn opprykk for oslolaget er det aldri snakk om. Difor blir det ekstra motiverande for oss å gå på bana med ei innstilling om å gjera det vanskeleg for dei. Me klarte det i bortekampen, og eg veit jentene er gira på å trø til også på laurdag, seier trenar Robert.

  • Dei er det klart beste laget me har møtt i år, så det skal godt gjerast. Likevel, me har trua på eigen styrke og kjem til å gå på bana med siger i blikket. Dei likte lite at me møtte dei med eit aktivt presspel og trøkk i duellane, så det må me gjenskapa, seier Robert. Eg trur me skal skapa nok sjansar til å scora nokre mål. Å halda nullen bakover kan bli vanskeleg, så me får tru på effektivt angrepsspel.

    Så håpar me på godt frammøte av publikum. Det har vore fin stemning på kampane til no, og når topplaget Grei kjem på besøk, treng laget all den støtten dei kan få frå tribunane. Saftkokaradn har vore fantastiske, og me håpar nokre er i Sogndal og kan hjelpa oss. A-laget spelar jo i Fredrikstad laurdag også.

Satsar på at det er Grei som får ein kalddusj på laurdag

Jon Navarsete