Thea og Lea klare for Sogndal FK Damer
Begge er talentfulle spelarar som me har fulgt utviklinga på dei siste åra. Dei brenn for fotballen og har no starta på idrettslinja på vgs her i Sogndal, så det er såleis riktig timing med ein overgang seier dagleg- og sportsleg leiar Sebastian Kaldestad.
Dei blir ein del av ei ung og ambisiøs spelargruppe her i Saftbygda, der mange av lagveninnene også tek toppidrett fotball på vidaregåande.
Me takkar Førde for god tilrettelegging for at Lea og Thea er komne dit dei er, og ønskjer klubben lykke til vidare med det gode utviklingsarbeidet.
Velkomne til Sogndal FK Damer!