Avgjorde på slutten - og no ventar topplaget Grei
Bortekampen mot bærumslaget vart meir spennande enn mange hadde rekna med. Men samstundes ei påminning om at alle kampar lever sitt eige liv, og at tabellposisjonen ikkje nødvendigvis er så mykje å gå ut i frå.
Det enda godt då Andrea scora like før slutt. Og endå ein gong heldt me nullen bakover. Ein styrke vel verdt å ta med seg.
Første omgang var under pari. Jentene tek tak etter pausen og me har mange sjansar til å scora fleire mål. Men i fotball må du stå i det til siste sekund. Det fekk me løn for denne gongen, seier trenar Robert Hovland.
Å avgjera slike slitekampar er ein god eigenskap, men samstundes må me ta lærdom av det som skjer. Eg er likevel stolt over det jentene presterer. Dei forstod alvoret tidsnok. No er det berre å gleda seg til kampen mot topplaget Grei. Det blir ei fin utfordring, meiner Robert.
Oslolaget er soleklare favorittar til opprykk med fleire spelarar som har erfaring frå toppserie- og 1. divisjonsspel. Me klarte poeng mot dei i Oslo etter ein imponerande innsats. Det er fullt muleg å gjenta det på Fosshaugane.
Skal me klara det må me vera på vårt beste. Me fekk dei litt ut av stilen i Oslo, så me får laga ei god oppskrift no og. Det er slike kampar me lever for. Jentene gledar seg, det veit eg. Og med god støtte frå tribunane og med Saftkokaradn i spissen, har eg trua, avsluttar Robert Hovland.
Komande laurdag er staden Fosshaugane kl. 14. Sogndal FK Damer mot Grei.