Tre mål og ny siger
Sogndalsdamene fossar vidare i årets 2. divisjon. 3-0 over Ull/Kisa var det ein kan kalla ein kontrollert siger. Spelemissig har laget prestert betre kampar, men då det første målet kom, var det aldri særleg tvil om kva lag som var best. No står me med seks kampar utan baklnegsmål. Imponerande det og.
Fortent siger, og spesielt gledeleg å halda nullen igjen. Presspelet fungerer godt, og me nektar dei å koma til særleg med sjansar. Det likar eg godt, er trenar Robert sin kommentar rett etter kampslutt.
Først sende Marte Senneset Aaberge avgårde eit frispark frå langt hald, ballen gjekk i mål via fingertuppane til Ull/Kisa-keeperen. Så vart Marte Hovland felt etter godt angrepsspel, og ho scora sikkert frå straffemerket. I andre omgaang avslutta Henriette Aalen Vindheim med dagens mål då ho klinka til på direkten på eit fint overlegg. Med 3-0 kunne SFK Damene jubla for tre nye poeng, og me tryggja andreplassen bak Grei på tabellen. Oslolaget er neste motstandar på Fosshaugane 27. august. Det blir ei flott utfordring for oss. I mellomtida skal me ut på oslotur og møtet med Bærums Verk Hauger.
Trenar Robert Hovland er altså godt nøgd med tre nye poeng. Men han strekar under at presisjonen i det offensive spelet kan bli betre.
Mot slutten har me fleire gode sjansar til å scora, så me må jobba vidare med å gjera gode val i den siste tredelen av bana. Men forsvarsmessig er me blitt meir kyniske og betre. Det er gledeleg, sier ein nøgd trenar.
Dette var starten på det som blir ein spennande haustsesong. No er det viktig å nullstilla og førebu seg til ny kamp. Me må halda trøkket og entusiasmen i spelet. Det me gjer på trening er alltid viktig. Kvardagen avgjer ofte det som skjer i kamp.