Kombinerer fotball med studiar på HVL
Marte Hollevik (19 år), Henriette Vindheim (21 år) og Kaja Rekkedal (20 år) har skuleåret 2021/2022 kombinert fotball med Sogdal FK Damer og studier på Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. I tillegg er Marianne Mellesdal, som studerer trenarrolla på Høgskulen, ein del av vårt trenarteam. Frå hausten av tek også Kristine Hovland til på lærarutdanning her i Sogndal.
Framleis ledige plassar på eit utval studieretningar i Sogndal
Om du går med ein trenarspire i magen er det framleis nokre ledige plassar på idrett og trenarrolla på HVL. Her har du ein unik moglegheit til å få sertifisert trenarutdanning og kombinere det med praksis i klubb eller krets.
Sjekk ut restetorget for å finne ledige studieretningar: Søkerportalen (samordnaopptak.no)
Unike moglegheiter for utvikling både på og utanfor fotballbana
Me har alt me treng på Campus Sogndal og 5 minuttar i radius seier jentene. På Campus har me trening- og kamparena, høgskulen med klasserom, leserom og bibliotek, treningssenter, kaffibar og kantine. Det er gangsavstand til hybelen og 5 minuttar å gå til sentrum, så alt ligg til rette for å få mykje ut av kvardagen.