Me arrangerer fotballskule 8.-11. august på Kaupanger
8.-11. august arrangerer Sogndal FK Damer fotballskule på Kaupanger. Fire dagar med moro for alle i alderen 6-15 år.
Dei yngste aldersgruppene får prøve ut ulike aktivitetar med både ball, konkurransar, leik og moro gjennom veka. Dei som ønskjer å spele fotball kvar dag får sjølvsagt det :)
Damespelarane og trenarar stiller som instruktørar.
Program:
Me startar kvar dag kl .10.00 og sluttar kl. 14.00.
Matpause frå kl. 11.30-12.00 (ta med mat og drikkeflaske).
Ta med eigen ball (merka med namn).
Kle dykk etter vêret, gjerne eit klesskift dersom det regnar.
I tillegg til mykje kjekk aktivitet, serverer me saft kvar dag og grillmat torsdag.
Påmelding:
Påmelding innan 25. juli. Meld på her.
Vipps kr 750,- per deltakar til nummer 734888. Merk vippsen med med namn på deltakaren.
Har du spørsmål?
Kontakt Åse Neraas på e-post: aaseneraas@gmail.com, eller tlf. 917 64 903.
Velkommen til mykje moro og god aktivitet!