Super laginnsats og siger mot Frigg

Me slo Frigg 1-0 - ikkje rart det blir jubla! Og takk til Saftkokaradn og oslo-sogningar som var medverkande til sigeren!

1-0 mot Frigg etter heroisk innsats - for ein måte å avslutta vårsesongen på! Emma vart matchvinnar, og ein enorm laginnsats gjorde at me klarte å halda 0-en og fekk med oss tre poeng heim. Me har innteke andreplasssen på tabellen, og no skal det bli godt med nokre sommardagar, litt rolegare, før me startar opp att mot ein spennande haust 25. juli. Og ver sikker - me skal ikkje kvila på laurbæra. Stor takk og til Saftkokaradn og sogningar som verkeleg støtta oss! Enormt viktig, spesielt på bortebane.

Eit skår i gleda er kneskaden til kapteinen vår, Andrea Henjesand. Håpar det går bra slik at ho snart er klar til innsats!


Trenar Robert er svært letta og stolt over det jentene legg ned av innsats. Kampen stod lenge og vippa på ei knuskturr kunstgrasbane. Igjen viser laget styrke der me faktisk kunne scora eit par gonger til på kontringar mot slutten.

  • Dei viser ein vinnarvilje som eg knapt trudde dei hadde. No har me fem kampar utan baklengsmål. Det fortel ein heil del om denne gjengen - LAGMORALEN. Og det er mange som står bakom, leiarane, heile støtteapparatet og trenargjengen. No fortener me litt ferie for å lada batteria. Denne vårsesongen har vore eit lite fotballeventyr, seier Robert. Han håpar skaden til Andrea ikkje er alvorleg, og at ho snart er klar til ny innsats. I tillegg er også han takknemleg for Saftkokaradn og mange oslo-sogningar sin støtte under kampen.



Så glade blir me når me vinn. Perfekt å avslutta ein utruleg sterk vårsesong med 1-0 over Frigg.

Emma vart altså matchvinnar då ho scora like før pause. Med sitt sjette mål for sesongen er ho toppscoraren vår saman med Andrea S. Njøs

  • Dette var ein tøff kamp mot eit fysisk sterkt og godt Frigg-lag. I andre omgang kunne begge laga scora, heldigvis så jobba me knallhardt og stod i mot då Frigg prøvde seg. Fantastisk å avslutta vårsesongen med tre poeng i Oslo, jublar målscorar Emma. Også ho er rask med å gje ros til Saftkokaradn som verkeleg støtta og heia oss fram.

Emma med mål i sikte!

Heimturen blir som ein liten æresrunde. Me er stolte over jobben me har gjort. Og måndag heiar me alle på Marte Hovland som i Jerusalem skal ut på ein tøff 1500 meter i EM. STAO PAO!

Jon Navarsete