Frigg blir ei tøff utfordring

I morgon er det klart for returoppgjer mot Frigg, eit vakse lag som nok vil gje oss hard kamp. På Fosshaugane vann me 2-1, og det vil vera strålande om me skulle klara ein 3-poengar i siste oppgjeret før ferien.

  • Me kjem til å vera offensive og gje full gass frå start. Håpar alle sogningar i Oslo tek turen for å støtte oss saman med våre viktige supportarar - saftkokaradn, seier Robert Hovland.

Tre som har vore på landslagssamling, Andrea, Nathalie og Josefine.. Andrea og Josefine er begge klare for møtet med Frigg.

Josefine Thorsnes Lefdal har gjort ein god jobb i forsvarsrekkja. No er ho heime etter ei lærerik veke i Porsgrunn med talent frå heile landet. Ho er svært nøgd med laget sin innsats denne våresesongen, og har tru på at det kan bli poeng mot Frigg også i Oslo.

  • Me må vera skikkeleg på, jobba godt som eit lag slik me har klart i alle kampane. Me løftar kvarandre og merkar at me er godt trent. Så det er eit skikkeleg LAG som går på bana, seier Josefine som og rosar trenarteamet for deira jobb.

  • Eg har lært utruleg mykje sidan me starta opp i vinter. Det blir stilt krav til oss, og for min eigen del har det gått over all forventning. Å avslutta med siger over Frigg vil vera den perfekte avslutninga på ein god vårsesong. Då vil nokre rolege sommardagar gjera godt, seier Josefine før osloturen.

Keeper Maia Lindesteg Øen har vakta buret på ein god måte for oss.

Treningane denne veka har vore prega av god intensitet og spelarar som verkeleg er tilstades når dei kjem på bana. Me lovar å gje alt for å ta med oss poeng heim att. Me veit at me beherskar nivået, så det gjeld å ha fokus på arbeidsoppgåver og ofra seg heilt og fullt for laget. Det har me vore flinke til.

Tre spelarar er ute til denne kampen. Marte Hovland som er på veg til EM i friidrett i Jerusalem, Mia med skade og Marte Hollevik som også står over. Men me har ein god tropp, og det gjeld å ha fokus på dei spelarane som er tilgjengeleg. Me skal visa at det er jenter med Stao Pao-vilje!

Kom og støtta oss mot Frigg. Majorstua og like ved Nrk er staden. Tørteberg kunstgress.

Full fart i angrep - slik vil me gjerne spela mot Frigg i morgon.

Jon Navarsete