Viktigast - Siger 5-0 og mange mål. Takk til 600 som støtta oss høglydt frå tribunane

Spelemessig har me nok vore betre, men me skapar sjansar og pressar bærumslaget over heile bana. Ein heilt fortent siger der Emma (2), Henriette, Anna og Andrea scora måla. Saftkokaradn og “Juniorsvingen” gjorde ein kjempjobb frå tribunen og fekk publikum med i ein ekte fotballfest saman med oss. Stor takk også til Sparebanken Vest og Lerum som sponsa billettane og deltok på arrangementet!

Me styrer kampen frå start til slutt. Skapar mykje, men er litt unøyaktige i pasningsspelet, og nokre dårlege val på siste tredelen. Så me skulle gjerne scora fleire mål. Likevel - ein soleklar siger der me og får spart eit par spelarar med tøft program på landslagssamling siste veka. Mot Frigg til helga må me nok opp eit hakk skal det bli poeng, er nøkterne Robert Hovland sin dom etter målfesten mot Bærums Verk Hauger.

Lagkaptein Andrea Henjesand oppsummerer slik: Skapar sjansar heile kampen, men me var ikkje nøyaktige nok i dag. Veit me kan endå betre. Så me skal jobba godt vidare. Og 5-0 framfor 600 tilskodarar på Fosshaugane er fantastisk moro.

Måndag er det på´an igjen. Meir trening for å bli eit endå betre lag. Me lovar å stå på. Sogndal FK Damer i siget!

Jon Navarsete