Me er klare for kamp - og publikumsrekord!

Sogndal er staden for fotball denne helga. Lerum Cup samlar kring 5000 små og store til fotballfest. Og laurdag har me tenkt å vera med på festen. Bærums Verk Hauger skal vita at det er topp motiverte spelarar som entrar Fosshaugane Campus laurdag kl. 16.

Trenar Robert Hovland seier dette om stoda i troppen:

Kvalitetsmessig har det vore veldig bra - jentene er skjerpa og veit at dei må ha fokus på arbeidoppgåver for å kunne prestere. Me møter eit lag som tok eit sterkt poeng i førre serierunde. For vår del handlar det om å nullstille, koma ut på bana og gje alt i kvar einaste situasjon. Då har eg god tru på heimesiger.

Denne veka har me hatt spelarar på landslagssamling. Spennande og viktig for heile laget, og det viser at satsinga vår gjev resultat. Toppnivået vårt er høgt når alle gjer jobben og arbeidsoppgåvene sine. Med masse folk på tribunane håpar me dette skal bli ein fin kamp og god reklame for damefotballen.

Me kjem til å vera offensive og skal gå ut i 100. Håpar at det vert mykje folk som kan heia oss fram - det fortener jentene, er trenar Robert Hovland sine ord etter torsdagstreninga. Troppen er så godt som fulltallig, så det er muleg å variera oppstillinga, og gjera eventuelle endringar undervegs.

Det er berre å gleda seg til fotballkamp folkens. La det bli heiarop og stemning som løftar damelaget fram til siger og tre nye poeng. Og ikkje minst - Publikumsrekord til 1000.


Jon Navarsete