Kaja Johannessen Skrede klar for Sogndal FK Damer
Me ønskjer Førdejenta Kaja Johannessen Skrede, f.2008, velkommen til Sogndal FK Damer.
Kaja flytta til Sogndal i haust for å ta til på idrettslinja på Sogndal Vidaregåande skule. Der tek ho toppidrett fotball saman med fleire av 08’arar i troppen. Ho har i haust hospitert fast med oss i trening og spelt 3.divisjon i avdeling Vestland med moderklubben Førde IL.
Kaja har kome godt inn i treningsgruppa allereie og er ein offensiv spelar med stor løpskraft og ein fin venstrefot seier sportsleg leiar Sebastian Kaldestad. Ho kjem inn og vil komplimentere toppen vår på ein god måte.
Me takkar Førde IL, og spesielt avtroppande hovudtrenar Johan Pettersen, for eit godt samarbeid og god tilrettelegging for hospitering det siste året.
Velkommen til oss, Kaja!