Mia klar for J-16 landskampar og EM-kvalik

Mia skal representere Norge J-16 i EM-kvalik mot Irland, Polen og Island Her frå NM-kampen mot Arna Bjørnar i sommar.

Neste ut i landslagsoppdrag er Mia. Ho reiser med J-16 landslaget til turnering og EM-kvalik i Polen 9. til 19. oktober. Kamp mot Irland 12. oktober, Polen 15. oktober og Island 18. oktober. Mia har spelt med dette laget tidlegare, men var ute på sist samling med ein skade. No er ho tilbake og i god form. Det blir og eit møte med Josefine som no er i Kolbotn, og eit kjent namn frå Ham Kam, Linnea Holmsveen Moen. Ho er dotter til Kai Erik som spelte fotball for Sogndal, og mamma Aina som spelte handball for eit godt Sogndalslag på 1990-talet.

Me ønskjer Mia lukke til og heiar på deg! Stao Pao - dette blir spennande og kjekt. Her er J-16 troppen:

J16-landslagstrenar Børje Sørensen har teke ut troppen til EM-kvalifiseringskampane mot Irland, Polen og Island i perioden 9.-19. oktober:

Anny Kerim-Lindland - Start
Elle Ulstein - KFUM
Henny Thorhallsson - Kolbotn
Ina Raaum Andreassen - HamKam 
Josefine Thorsnes Lefdal - Kolbotn
Linnea Holmsveen Moen - HamKam 
Malin Book Dalsgård - Arna-Bjørnar
Nora Mjøs - Åsane
Sannah Elisabeth Kvia - Viking
Selma Bakke - HamKam 
Tuva Olaussen Sagen - Øvrevoll Hosle
Tilde Andersson - LSK Kvinner
Estella Turflinger - Øvrevoll Hosle
Hedda Krogstad Lium - Rosenborg
Andrea Buberg Sæteren - Tiller
Frøya Brennskag Dorsin - Rosenborg forfall 
Maria Kroken - Lyn
Liliana Malloul - Kolbotn forfall
Mia Bakke - Sogndal
Selma Jordfald - KFUM
Luana Cotrau - LSK Kvinner ny spelarr 28.08.
Tuva Henneli Michelsen - Åsane

Jon Navarsete