Mia og Josefine - saman for Norge

Mia og Josefine gjer seg klare til nye oppdrag for Norge J-16. Måndag reiser dei til Portugal og skal prøva å halda målet reint mot Østerrike, Portugal og Sverige.

  • Det var litt skummelt å debutera då me møtte Japan 3. april. Dei var svært teknisk gode og raske. Men me klarte oss no ganske bra, fortel dei to jentene, før dei gjer seg klare til ei ny treningsøkt på Fosshaugane. Neste veke er det kampar mot Østerrike 11. mai, Portugal 13. mai og Sverige 16. mai.

  • - Me hadde ikkje trena saman og slik sett var det litt prøving og feiling dei første landskampane. Motstandarane hadde vore saman lenge, og var meir samspelte enn oss. Dette er svært god læring for oss, og teknikk- og temposkilnaden merka me. Reint fysisk held me godt følgje, så det er nok ferdigheitene me må jobba mest med vidare, fortel dei to. Dette har nok mange fått oppleva i møte med andre nasjonar sine landslag. For Sogndal FK Damer er det også gledelg at Nathalie Høgi er inne på landslaget til J-15. Det gror godt i rekkene!

  • - Og me har ein svært god treningskvardag og kamparena her i Sogndal, så eg trur og håpar me tek nye steg kvar einaste dag, trening og kamp. Det er det me jobbar for.

    Måndag er dei klare for Portugal-tur og nye kampar i landslagstrøya. No skal dei forsvara Norges fargar i møte med sterke europeiske nasjonar når Østerike, Porugal og Sverieg er motstandarar.

  • - Håpar me får sjansen til å spela stopparar saman no også. Litt kjekt med to sogndalsspelarar i forsvarrekkja, smiler Mia og Josefine, trygt plassert inne i minimålet.

Her er Josefine (nr.2 b.f.v) og Mia (f.th) før kampen mot USA som vart spelt i Frankrike 7. april. (Foto: NFF)

På det same laget spelar også Linnea Holmsveen Moen, frå Ham Kam. Dotter av Kai Erik med fortid i Sogndal Fotball, og Aina som spelte fleire sesongar for Sogndal på handballbana.

  • Me gler oss til å møta att jentene. Me er blitt ein utruleg fin og samansveisa gjeng etter kvart. At me har tapt ein del kampar mot sterke nasjonar, gjer ingen ting. Det tek me som god læring. Me utviklar oss mykje og får kjenna den internasjonale fotballen på kroppen, seier Mia og Josefine.

    Til helga er Viking motstandar i Stavanger til 2. divisjonsoppgjeret. Det betyr møtet med ein av favorittane til opprykk.

  • - Me gler oss til kamp. Den utfordringa skal me ta, er landslagsduoen sin klare kommentar til det møtet.

Truleg får me sjå ein midtstopparduo frå Sogndal når Norge skal ut mot Østerike, Portugal og Sverige. Då gjeld det å få kontroll på ball og motstandarar!

Landslagstrenar Børje Sørensen er godt nøgd med dei to sogndalspelarane.

  • Begge er best i det defensive spelet, tøffe i duellspelet og klarar seg godt ein mot ein. Offensivt har dei litt å jobba med, å våga litt meir. Men her såg me klar framgang etter kvart som dei vart varme i landslagstrøya. Her har Sogndal to svært spennande jenter på gang, er Sørensen sin kommentar før avreise til Portugal.

Jon Navarsete