Møter Fortuna Aalesund
Til møtet med laget frå Jugendbyen er det litt skadeproblem og sjukdom som pregar troppen vår. Så det er eit redusert lag som stiller til kamp. Men det blir i alle fall ei solid utfordring og ein peikepinn på kvar laget står. Godt å koma i gang med treningsskampar og. Treninga til no har gått fint, og det er god kvalitet på øktene i storhallen.
Trenarane håpar likevel at alle kjem på bana og blir klare for spel. I denne viktige treningsperioden er det alltid kjedeleg når spelarar manglar. Men det betyr og at andre får sjansen til å visa seg fram. Me har med oss fire hospitantar, Malin Tjellaug, Stryn, Ella Hestetun, Jotun, Mari Heggestad og Ingeborg Sekse frå Sogndal Fotball.
divisjonslaget Fortuna Aalesund har klare ambisjonar om toppseriespel, og trenarduoen Frode Fagermo og Rune Sunde er begge erfarne ringrevar frå eigen fotballkarriere. Så me må bu oss på solid motstand.