Ny siger - Me stormar vidare

Tre nye poeng og 1-0 mot Ull/Kisa er godt å ta med heim. Kristine Hovland scora målet på ein retur etter corner. No inntek med andreplassen på tabellen og ser fram til heimekamp mot Bærums Verk Hauger. Då må de koma på kamp, slik at me klarar målet om ny publikumsrekord!

Me var klart best i første omgang mot eit solid Ull/Kisa og burde leia med meir enn det eine målet som kom tidleg etter ein corner. Kristine var på rett plass og sette ballen i mål til fortent leiing. Sjansemessig skull me gjerne hatt eit par mål til. I andre omgang fekk me vist at det å forsvara ei leiing også er ein god eigenskap. Me heldt nullen, noko som viser at med kan forsvara oss godt. Ull/Kisa hadde ballen mest, men me skapte farlege sjansar på overgangar også etter kvilen.

  • Ein tett og jamn kamp, men me burde scora fleire mål på store sjansar i første omgang. Men igjen - flott innsats av damene mot eit godt Ull/Kisa, seier Sebastian Kaldestad etter kampen. Han er godt fornøgd med endå ein bortesiger.

Som vanleg utmerka laginnsats mot eit Ull/Kisa som ga oss tøff motstand. Tre poeng på bortebane er svært godt å ha med seg. Me gler oss alt til heimekamp komande laurdag. Då skal me kjempa knallhardt for tre nye poeng, og ikkje minst - setja ny publikumsrekord for damefotball i fjordfylket!

Laget: Øen Lindesteg - Elle, K. Hovland, N. Henjesand, Dale - Grindhaug, A. Henjesand, M. Hovland, Thorsnes Lefdal, Vindheim - Njøs. Innbyte: Øverland, Aaberge, Johannessen Bakke, Hollevik og Rekkedal.

Jon Navarsete