Bli med å setja publikumsrekord!
Me går til kampen mot Bærums Verk Hauger med to mål for auga: tre poeng og samstundes ny publikumsrekord for damefotball i NFF Sogn og Fjordane. Dette skjer laurdag 25. juni klokka 16:00 på Fosshaugane Campus, og to av sponsorane våre, Lerum og Sparebanken Vest sponsar alle billettane til kampen.
Sesongopninga har vore forrykande i årets 2. divisjon. Med det klart yngste laget har me overraska med løpsstyrke og friskt angrepsspel. No håpar me folk møter opp i hopetal og blir med på rekordjakta og. Publikumsrekorden skriv seg frå kvalikkampen Kaupanger-Tromsdalen i 2017 då mellom 800 og 900 tilskodarar kransa bana på Kaupanger. I følgje Normann Henning Fimreite skal nærmare 1000 tilskodarar ha funne vegen til Kvednhushaugen denne dagen! Stryn samla også vel 600 til ein kamp i 2014.
Dagleg- og sportsleg leiar Sebastian Kaldestad smiler breitt då sogndalfk-damer.no spør om han er nøgd med laget til no i år;
Me har ei ung og ambisøs spelargruppe og eit fantastisk trenarteam, som utfyller kvarandre godt. Me spelar offensiv fotball og scorar bra med mål. Dette trur eg me skal stå inne for også når bærumslaget kjem på besøk. Sjølv om det er ein viktig bortekamp mot Ull/Kisa før neste heimekamp er det lov å glede seg litt ekstra til kampen mot Bærums Verk Hauger. Då er det Lerum Cup i bygda og folkefest, så me har god tru på ny publikumsrekord. Dette skal bli moro, seier Kaldestad. Han fortel om kiosksal med ei rekkje godbitar samt at det blir grillmat å få kjøpt. Teljing av frammøtte vil føregå i løpet av første omgang, så det er viktig å møta til kampstart!
Effektivt presspel, hurtige overgangar, stor løpsstyrke og sjanseskapande spel. Dette har vore ei suksessoppskrift til no i år. Tidenes yngste damelag i Sogndal/Kaupanger si historie.
Årets sesong byr på ei stor utfordring i og med neste års omlegging av seriesystemet. For å vera sikra spel i 2. divisjon 2023, er det fjerdeplassen det vil handla om. Me jobbar knallhardt for at dette skal bli ein realitet. I så fall vil det vera ein prestasjon det står respekt av.
Trenarteamet bak sogndalsdamene med Robert Hovland som hovudarkitekt, har sydd saman eit speleopplegg som fungerer. Treningane er effektive og prega av attkjenning. Systematisk og grundig arbeid er det som skal til. Spelarane har vidarutvikla seg godt frå førre sesong og respondert godt på ein hard og intensiv trenings- og kampkvardag.
Så det er berre å sjå fram til laurdag 25. juni og finna vegen til Fosshaugane Campus. Til no har det vore godt besøk på heimekampane, 300-400 jamt over. Og stor stemning etter kvart som den eine motstandaren etter den andre har måtta gje tapt. Men aller først skal me ut i ein bortekamp på Jessheim mot Ull/Kisa komande laurdag. Her må me vera skjerpa og ikkje ta noko for gitt.