Rekordungt lag mot Voss
I morgon er det duka for årets fyrste treningskamp, og det i Sogndalsdrakt for aller fyrste gong. Hovudtrenar Robert Hovland seier at det skal bli godt å koma i kampmodus igjen. Grunna skadar/ covid vert det eit rekordungt lag med fleire debutantar og hospitantar. 9 av 16 spelarar i troppen går på ungdomskulen. Så her er det mykje ungt og lovande – spennande.
Årets oppkøyring har vore veldig bra med tanke på kvaliteten på treningane og stemninga i gruppa. Frå 3. januar har me trent 4 dagar i veka. Diverre har stort sett heile forsvarsrekkja og nokre rutinerte spelarar vore ute, meir eller mindre, sidan sesongslutt med større eller mindre skadar. I dei siste to vekene har Covid herja i troppen. Då har det vore godt å ha med hospitantar slik at me stort sett har vore 15-16 stk på kvar trening. I oppkøyringa har me til no nesten berre hatt fokus på omstillingsfasane frå angrep til forsvar og frå forsvar til angrep. Me ynskjer å vera eit lag som er offensive og spelar med høg intensitet.
Troppen til kampen:
Maia L. Øen
Andrea Henjesand
Andreas Njøs (ny, Syril)
Anna Grindhaug
Henriette Vindheim
Ingrid Krakhellen
Marte Aaberge
Oda Hov
Marte Hovland
Thea Elle
Kaja Bjelde Hjelmhaug (hospitant, SIL Fotball)
Sigrid H. Felde
Julie Felde (hospitant, Eid)
Dina Søgnen (hospitant, Gaular)
Elise Mardal (hospitant, Syril)
Natalie Høgi (hospitant, SIL Fotball)
Ute med skade/ sjukdom og ikkje kampklare:
Andrea Skattebo, Emma Sæbø, Ine Dale, Josefine Lefdal (ny, IL Bjørn), Julie S. Øverland, Kaja Rekkedal, Kristine Hovland, Kristine Krakhellen, Lea R. Knapstad, Malin Mjåseth, Malin Ness, Marte Hollevik, Mia J Bakke (ny, SIL Fotball), Nora Henjesand og Silje Torvanger.
Fleire av desse vil vere klare att til neste treningskamp 5.mars.