Sterk bortesiger mot Rosenborg

Andrea sende oss i leiinga like før pause etter ei flott langpasning frå Thea

2-0 over Rosenborg 2 smakar verkeleg godt. I første omgang lukkast me ikkje heilt med å pressa RBK godt nok. Difor vart det nokre situasjonar å rydda opp i, men då Andrea sende oss i føringa me ein fin scoring, fekk me masse energi. Ein god pauseprat, og me tok meir og meir over. Presspelet vårt funka slik me ønskjer utover i andre omgang..

  • Jentene viser nok ein gong imponerande moral. Defensivt jobbar me knallhardt, og då Marte snappar ballen, stikk gjennom og scorar sikkert 2-0, var mykje gjort. Me møter eit Rosenborg med fleire individuelt gode spelarar. Men som lag er me sterkare, noko som er all grunn til å gleda seg over, seier ein nøgd trenar Robert.

  • At mange sogningar hadde funne vegen til Koteng Arena, var og medverkande til sigeren!

    No er det berre å gleda seg til Arendal kjem på besøk. Sigeren smakar ekstra godt, og me skal vera godt førebudde når sørlandslaget kjem til Fosshuagane

Marte fekk god bruk for farten då ho snappa ballen og scora 2-0 sikkert åleine med RBK-keeperen.

Jon Navarsete