Molde fekk kjempetrøbbel
Etter ein imponerande godt gjennomført kamp av jentene våre, måtte Molde innsjå at me var nærmast sigeren. 1-1 er likevel eit sterkt resultat mot romsdalslaget som kjempar i toppen mot Viking.
Jentene gjer jobben nær 100% i dag. Me står fram som ei sterk lagmaskin og hadde gode nok sjansar til å vinna kampen. Igjen, stolt over moralen og tælen for heile gjengen, seier ein smilande Robert som fekk ein god gratulasjonsklem frå mamma etter kampen.
Me starta kampen godt, og Anna sende oss i leiinga etter ein sterk prestasjon. At Molde utlikna litt tilfeldig etter eit hjørnespark, ga oss endå meir energi. Me heldt initiativet til pause.
Så kom det to store sjansar til å ta leiinga etter timen spelt. Molde-keeper var både god og heldig som avverga. Mot slutten vart det litt “hawai-fotball”, men på overtid kunne Andrea avgjort for oss. Igjen varta Molde-keeper opp med ei avgjerande redning.
Likevel , 1-1 mot Molde er eit sterkt resultat og viser at me tek nivået meir og meir i 2. divisjon. Svært gledeleg med Silje tilbake på bana igjen.
- Me gjer ein flott laginnsats i dag. Alle kjempar til siste slutt, og det ville ikkje vore ufortent med alle tre poenga. Likevel, dette skal me vera nøgde med, seier kaptein Kristine.
No ventar kamp mot Rosenborg 2 i Trondheim til helga.