På´an igjen -første trening etter sommarpausen
Her er gjengen samla til den første økta etter sommarpausen. To hospitantar, frå Førde og Kaupanger, og Vårin heime på ferie.
I kveld var så godt som alle spelarane samla til den første trening etter ein kort sommarferie. Trenarane likte det dei såg, og det var god kvalitet i mykje av det som skjedde ute på bana.
Eg ga tydeleg uttrykk for at eg likte det eg såg. Spelarane har tydelegvis følgd treningsprogrammet dei fekk med til pausen. Ja, nokre verka betre skodd enn dei var før sommarpausen, seier ein smilande trenar, Robert.
Etter treninga varta leiinga opp med kveldsmat for alle. Ein fin start på haustsesongen, som nok blir både spennande og sikkert med mange tøffe kampar. Denne gjengen er klar for det!
No blir det trening halvanna veke, før møtet med Molde på Fosshaugane første helga i august.