Josefine og Norge J-16 slo Nederland 2-1 i finalen
Josefine gjorde ein utmerka innsats i finalen mot Nederland.
Josefine og Norge heldt unna og vann 2-1 over Nederland i finalen i kveld. Nederland tok leiinga tidleg, men dei norske jentene snudde kampen og vann etter ei spennande avslutning på finalen.
Josefine har imponert for Norge i den opne nordiske meisterskapen som blir spelt i Sverige. Først vann Norge mot Finland på straffekonk etter 1-1, og der ho scora eitt av straffemåla. Mot England vart det ein solid 3-0 siger, og Josefine var frampå igjen og laga det tredje målet på ei heading etter corner.
Og i kveld altså finalesiger. Snakk om jubelveke for Josefine og dei norske jentene. Du er ein strålande fin ambassadør for Sogndal FK Damer! Gratulerer, Josefine. Flott levert!
Mia har vore fast inventar på dette laget. No er ho ute med ein ryggskade, men heldigvis tilbake i trening. Ho jubla og sende gratulasjonar saman med familien på ferie i Spania. Her er Mia si helsing.
Laget har blitt betre og betre frå kvar samling sidan i fjor. Det viser resultatet i kveld. Me forsvarar oss godt og scorar to fine mål. Eg er stolt av gjengen, seier Mia.
Josefine og laget som sloEngland 3-0. (Foto: NFF)
Mia helsar og gratulerer Josefine og Norge med finalesigeren. Mia kjem nok snart igjen og blir ein del av dette spennande laget