Fotballglede - og sommarferie

2-0 sigeren mot Herd smakte godt. All grunn til å jubla for to strake sigrar inn mot ein deilig sommarferie.

Det var aldri nokon tvil. Me pressa Herd til å gjera feil gang etter gang. Sjansane var mange, og då Julie elegant heada corneren frå Marte i mål, var mykje gjort. Me skulle nok laga fleire mål, og i dei bakre rekker hadde me kontroll. For Lena i mål vart det ein grei jobb då forsvaret framfor ho gjorde ein solid jobb.

I andre omgang starta me godt, og igjen fekk sunnmøringane føla presset i det defensive arbeidet vårt. Då Andrea slo til med venstrebeinet og laga 2-0 var det ingen tvil. Dette ville bli siger og tre poeng.

Julie har solid støtte på tribunen. I dag kunne dei smile ekstra breitt då ho sende laget i leiinga. Flotte supporterar!

  • Jentene har vist ein utruleg sterk moral denne siste veka.. LAGET jobbar jamt og trutt med ein tæl og vilje som berre er å applaudera. Eg er stolt over å vera trenar for denne gjengen. Og så skal me ikkje gløyma at det er mange som står bak her. Alle gjer ein SÅ viktig jobb for laget, seier ein nøgd, men også litt sliten trenar, Robert.

  • Både han og spelarane fortener verkeleg nokre rolege sommardagar no. Samla krefter og ny motivasjon til haustsesongen.

  • Takk til alle, på alle plan, for framifrå innsats denne vårsesongen. Berre å gleda seg til meir fotballmoro i haust.

Anna og jentene har fortent ein kvil etter stor innsats. Kanskje blir det ein dukkert i Hafslovatnet?

Jon Navarsete