Endeleg siger og jubel i leiren

Emma og Anna stod for scoringane, medan Lena heldt nullen i buret. Ho måtte steppa inn like før kampstart og klarte seg fint.

Med ei scoring tidleg i kampen såg alt lovande ut for jentene. Emma var på rett plass då innlegget frå Julie kom. Trass i litt nerver og spente spelarar hadde me rimeleg bra kontroll. Amazon Grinstad var farlegast på dødballar, men i dag var det ingen tvil - denne kampen skulle me vinna!

  • Stor lettelse. Jentene står verkeleg opp og viser kampmoral. Denne sigeren betyr mykje for heile laget og alle som bidreg rundt oss, seier ein svært nøgd trenar Robert.

  • Då Anna sette inn 2-0 målet etter at Andrea først skaut og keeper ga retur, var i grunnen mykje gjort.

    På slutten var det litt press i mot, og då kom det mange og kraftige rop til dommaren frå ein spent trenar.

    • Kå leingje e´ da atte, dommar?!

      Heldigvis heldt me unna og kunne jubla. Dette var både rett og rimeleg, etter fleire gode kampar der marginane ikkje har vore på vår side.

    • No ser me fram til laurdagens oppgjer mot Herd. Då håpar me igjen på god støtte frå tribunane. Det hjalp godt i dag og!

    • På biletet under ei nøgd Julie som var på plass att etter skaden. Også kaptein Kristine smiler godt etter 2-0 sigeren over Amazon Grimstad.

Jon Navarsete