Strålande innsats trass i finaletap
Ei svært innhaldsrik veke. Gruppespelet gjekk fint med solid gjennomføring i alle kampane. Litt som kan forbetrast er det, men svært bra av jentene. I sluttspelet byrja me med storsiger i første kampen, før det vart tøffare motstand i semifinalen. Men me avgjorde etter stor innsats og ei flott scoring av Marte. Finalen mot Uppsala vart krevande, noko me visste på førehand. Avgjerande situasjonar vippa i gode Uppsala sin favør. Ei veke full av opplevingar og gode prestasjonar. Detter er læring som alle treng og har nytte av, oppsummerer trenar Martin. Diverre for Julia måtte ho sjå finalen frå sidelinja etter skaden i semifinalen.
Målet i finalen vart scora av Mia som utlikna til 1-1. Det enda 3-1 til Uppsala.
Gratulasjonar også til 14-årslaget for godt gjennomført turnering. All grunn til å vera stolte. De har representert klubben på ein framifrå måte!
Vel heim, og lukke til med ein spennande haustsesong for heile gjengen!